Nyttårsuveret stoggar både bilar, ferjer og fly

FLORØ: Uveret på årets første dag skapar trøbbel både i lufta og på sjøen.

DEL

Vegtrafikksentralen melder at ferjesambandet Lavik-Oppedal er opna igjen med normal drift. Sambandet har dels vore stengt på grunn av uver.

Også i nord på E39 er det problem. Der har ferja Anda-Lote vore innstilt som følge av uveret. Det same gjeld ferja mellom Askvoll og Værlandet. Anda-Lote melder om normal drift frå klokka 15.20, men ein må rekne med at været framleis vil kunne by på forseinkingar. Også Askvoll-Værlandet er no tilbake til normal drift.
 

Fjord1 melder at Stårheim – Isane og rute 1115 Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella no er tilbake til normal drift, men anløpet på Losna er innstilt resten av dagen.

Bergensfly innstilt

På Florø lufthamn er 11.00-flyet frå Bergen til Florø innstilt. Dermed går det heller ikkje fly frå Florø til Bergen 11.55. 13.30-flyet frå Bergen til Florø er også innstilt, og dermed også 14.20-avgangen til Bergen.

Også dei planlagde helikopteravgangane til Snorre A og Snorre B kl. 14.30 er kansellert. Dermed kjem heller ikkje dei som skulle reise frå Snorre A og Snorre B til Florø klokka 16.12 seg heim. Også denne flyginga er kansellert.

Problem på fjellovergangane

Også på fjellovergangane har brøytemannskapa stort sett måtte kaste inn handkleet. Både Årdal-Tyin, Aurland-Hol, Strynefjellet, Haukelifjell, Vikafjellet og Hardangervidda er stengt. På Hemsedalsfjellet er det for tida kolonnekøyring, medan E16 over Filefjell er open.

Artikkeltags