– No må fylket og fagekspertisen setje seg saman og finne strakstiltak for fotgjengarfeltet på Evja. Det seier ein engasjert ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) etter at han og Firdaposten var på ei ti minutts synfaring i krysset på riksveg 5 ved Evja.

– Berre i løpet av desse ti minutta ser vi kor variert trafikkbiletet er. Det er mykje trafikk og mange fotgjengarar. Og det faktum at det er eit kryss og to busstopp i umiddelbar nærleik skapar eit særs uoversiktleg trafikkbilete som beviseleg er ein risiko, seier Solheim-Olsen.

Eitt av dei farlege punkta

Krysset på Evja har nemleg peika seg ut som eit av dei desidert farlegaste, unike trafikkpunkta i Florø. Kvart år skjer fleire ulukker her, sist for berre ei veke sidan då Mari Asp vart køyrd på av ein personbil. Sjølv er ikkje ordføraren sikker på kva trafikktryggingstiltak som eignar seg best for akkurat dette trafikkpunktet.

– Det må nesten vegeigar og fagekspertisen setje seg ned å finne ut av. Men så mange ulukker som skjer på Evja burde noko ha blitt gjort for lenge sidan, seier Solheim-Olsen.