Uveret har stengt alle fjellovergangane, men øyrutene går

Fredag morgon melder Vegtrafikksentralen om stengde fjellovergangar i Sør-Norge. I Florabassenget går båtane som normalt førebels.

DEL

Oppdatering klokka 10.15: Fleire helikopteravgangar er forseinka eller kansellert: 07-avgangen til Gjøa vil gå klokka 10.45. 10.00-avgangen til Transocean Norge og Snorre B går også klokka 10.45. 09.45-avgangen til Visund og Snorre A vil ikkje gå før klokka 13.00. 12.45-avgangen til Snorre A går ikkje før 13.20, medan 12.45-avgangen til Deepsea Yantai er kansellert.

Det kjem ny informasjon om 12.30-avgangen til Snorre A klokka 12.00. Det same gjeld for 12.15-avgangen til Snorre B og 18.00-avgangen til Snorre A.

Rugsundbrua har vore open i lengre periodar etter midnatt natt til fredag, då vinden dreia på ein meir gunstig retning. Men den kan bli stengd på kort varsel, og klokka 09.26 var den stengt.

Vind opp i storm styrke har ført til at mange fjellovergangar er stengde i morgontimane fredag:

Stengte:

  • Rv 15 Strynefjellet (Blir ikkje opna i dag).
  • Rv 13 Vikafjellet (Blir ikkje opna i dag).
  • Rv 7 Hardangervidda (Blir ikkje opna i dag).
  • Fv 50 Hol-Aurland.
  • Fv 53 Tyin-Årdal(Blir ikkje opna i dag).
  • E134 Haukelifjell.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet.
  • E16 Filefjell.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane går rutebåtane i Florabassenget som normalt frå morgonen av. Men verprognosane seier meir vind og nedbør utover fredagen, og her må det gjerast fortløpande vurderingar.

Artikkeltags