Uvêr lagar trøbbel på fjellovergangane i sør

FLORØ: Både Vikafjellet, Årdal-Tyin og Aurland-Hol er no opna etter stenging i natt på grunn av dårleg ver.

DEL

Dårleg ver med snøfokk og del sterk vind har ført til mange stengingar av fjellovergangane i sør-Norge. Etter fem stengde vegar klokka sju, er statusen slik klokka 14:

Fv. 50 Aurland-Hol: Kolonnekøyring, etter å ha vore stegd.

Rv 13 Vikafjellet: Open etter å ha vore stengd

Hemsedalsfjellet: Fri ferdsel, men kan bli kolonnekøyring på kort varsel

E16 Filefjell: Open

Rv 53 Årdal-Tyin:Open

Rv 7 Hardangervidda: Stengd

E134 Haukeli: Kolonnekøyring

Klokka halv sju på morgonen melder vegtrafikksentralen i vest at Riksveg 7 over Hardangervidda er stengd. Det same er Rv 13 over Vikafjellet, Fylkesveg 53 Årdal-Tyin og Fv. 50 Aurland-Hol.

Over Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring, medan E16, den vanlegvis sikraste ferdselsåra over fjellet mot aust, er open for trafikk.

Artikkeltags