Skal du køyre heim til jul i dag? Dette er stoda på vegane

REDUSERT SIKT: Slik såg det ut på fv. 50 ved Vestredalen mellom Hol og Aurland klokka 09.00.

REDUSERT SIKT: Slik såg det ut på fv. 50 ved Vestredalen mellom Hol og Aurland klokka 09.00. Foto:

TRAFIKK: Vêrmeldingane er betre i helga enn i dag.

DEL

– No er det litt vind som kan skape problem på nokre fjellovergangar, men denne skal minke utover dagen. Vêrmeldingane er betre i morgon, seier trafikkoperatør Ketil Molvær i Lærdal til Firda.

  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Snø- og isdekke.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke. Fare for glatte parti. Fare for elg.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke.
  • Fv. 50 Hol - Aurland: Stort sett snø- og isdekke. Redusert sikt nokre stadar.
  • Fv. 53 Tyin - Årdal: Snø- og isdekke. Redusert sikt nokre stadar.

Om du vel å reise over fjellet i dag, ber Vegvesenet om at du tek det med ro.

– Det er løye med det. Det sit ganske langt inne for folk å endre ein juleplan. Når folk først har bestemt seg er mi erfaring at dei reiser sjølv om dei må stå i kolonne, seier Melvær.

Hald deg oppdatert på vegmeldingane på vegvesen.no.

Artikkeltags