Må du ut på vegane i uveret? Her er status laurdag morgon

DEL

Kraftig vind opp i storm styrke har prega køyreforholda både på kysten og i høgfjellet siste døgnet. Også gjennom laurdagen er det meldt kraftig vind, opp i over 20 sekundmeter.

Kvart over seks laurdag morgon blei Rv15 over Strynefjellet stengd på grunn av uver, og her blir det gjort ny vurdering klokka 16.

Dei to planlagte flyavgangane frå Florø lufthamn og frå Bringeland er førebels ikkje forsinka eller kansellerte, ut frå Avinor sine nettsider.

Elles ser det slik ut på fjellovergangane våre i Sør-Norge:

E134 Haukelifjell; kolonne. Rv 7 Hardangervidda; stengt. Fv 50 Aurland - Hol; stengt. Rv 52 Hemsedalsfjellet; kolonne. E16 Filefjell; kolonne på kort varsel. Fv 53 Tyin - Årdal; stengt. Rv 13 Vikafjellet; stengt. Ny vurdering kl 10.

Artikkeltags