Fv. 611 stengd av ras

NAUSTDAL: Fylkesveg 611 blei stengd i morgontimane måndag, etter eit jord- og steinras. Vegen er framleis stengd.

DEL

Raset har gått i Lauvberget, mellom Vevring og Standal, og det er venta geologar til staden for å vurdere situasjonen før oppryddingsarbeid kan starte.

Ifølgje Vegtrafikksentralen vil det bli gjort ei vurdering om opning av vegen tysdag klokka 18.

Omkøyringsalternativet er Fylkesveg 542, Eikefjord-Stavang.

Artikkeltags