Dårleg sikt kan koste deg førarkortet

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Vegtrafikklova er heilt klar. Den som køyrer skal ha godt nok utsyn til alle sider. Det tyder at snø, is, dogg eller anna ikkje skal hindre eller redusere sikta og trafikktryggleiken.

- Det speler ingen rolle om du berre skal ein tur i butikken. Ein bil full av snø og is kan koste deg lappen, seier kommunikasjonssjef Heidi Tofterå Slettemoen i Frende Forsikring i ei pressemelding. Ho minner om at det ikkje berre er bilen du kan skade, du set også andre sine liv i fare.

- Ingenting hastar så mye at du ikkje kan ta deg tid til å skrape. Det tek trass alt ikkje meir enn eit par minutt, seier ho.

Fritt for is og dogg

Ifølge Utrykningspolitiet er bøtlegging den vanlegaste reaksjonen når folk ikkje tek seg bryet med å skrape rutene skikkeleg. Bota er vanlegvis på 2000 kroner, men du risikerer også å miste lappen på staden. Det same beløpet risikerer du å måtte ut med for manglande køyrelys. Måndag hadde politiet fått fleire meldingar om bilistar som køyrde med berre eitt fungerande framlys.

- Jo mindre du ser, jo større er risikoen for å miste førarkortet, seier UP-sjef Runar Karlsen.

- Og det hjelper ikkje å skrape frontruta for is, om du har null sikt fordi det er dogg på innriden, seier Karlsen. Du må sjølvsagt også ha utsikt til sidene, og spegel og bakrute må vere i orden.

 
Lappen ryk

Dersom sikten derimot framover og til sidene er sterkt avgrensa vil du bli politimeldt.

- Då gjer vi ein konkret vurdering av kor grovt dette var, og du kan få ei ordinært bot på 5000 kroner og oppover. I tillegg kjem ofte eit tap av førarretten i tre månader eller meir, opplyser Karlsen.

Dersom mangel på sikt er årsaka til ein alvorleg trafikkulykke, skal det vurderast å reise tiltale for domstolane. Det vil til dømes vere tilfellet dersom førar av køyretøy med sterkt nedsett sikt forårsakar ei dødsulykke.

- Krasjar du, og det er samanheng mellom ulykka og slurv med skraping, vil det sjølvsagt kunne gi redusert forsikringsutbetaling, seier Heidi Tofterå Slettemoen i Frende.

I mange tilfelle er det snakk om foreldre som køyrer barna til skulen, utan å ta seg tid til å skrape vindauga først. Latskapen kan vere livsfarleg.

- På vegane rundt skular og i bustadområde er det ekstra viktig med god sikt i alle retningar, seier UP-sjef Runar Karlsen.

Fakta

Frost og rim på bilrutene kjem av at vassdampen i lufta fryser til iskrystallar. Er det fuktig inneklima i bilen, får du også is på innriden av rutene.

Ifølge 2015-statistikken frå Statens Innkrevningssentral skrev UP ut 93 forenkla bot til sjåførar av køyretøy som ikkje hadde tilstrekkeleg sikt i fjor. I tillegg kjem ein rekke politimeldingar for de grovaste tilfella.

Artikkeltags