Bil mista hengar, hengaren small rett i ein bubil

Bilulukke litt utanom det vanlege i Sogndal tysdag.

DEL

Klokka 10.30 tysdag melde politiet via Twitter om at ein personbil som var ute og køyrde med hengar, hadde fått problem.

Det viste seg at bilisten hadde vore uheldig og rett og slett mista hengaren i fart. Den løpske tohjulingen var heilt ute av kontroll og brasa inn i ein bubil.

Politiet kom raskt til staden og har konstatert at ingen har blitt skadd i den litt uvanlege samanstøyten som skjedde i Stedjevegen i Sogndal.

Trafikken i området går som normalt.

Artikkeltags