Kollisjon mellom moped og bil på Krokane

DEL

Politiet melder på Twitter at det klokka 14.13 var ei trafikkulukke på Nybø på Krokane.

Det skal dreie seg om ein kollisjon mellom ein personbil og ein moped. Føraren av mopeden vart køyrd til legevakten lettare skadd, medan bilføraren var uskadd.

Politiet opprettar sak.

Artikkeltags