Bil av vegen ved Grov

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Like før klokka eitt køyrde ein bil av vegen rundt ein kilometer frå Grov-krysset, ved Liavatnet like før avkøyringa til Grovastøylen. Politiet melder på Twitter at det var ein person i bilen, og at bilen står godt ute i grøfta. Det var mindre materielle skader på bilen.

Føraren var åleine i bilen, og vedkommande melde om smerter i brystet, truleg etter bilbeltet, men var oppegåande.

- Alle etatar er rykte ut, opplyser Frode Eide, vaktleiar ved Alarmsentralen.

Hendinga vart meld til politiet av forbipasserande.

Klokka halv to vart vegen midlertidig stengt i samband med bilberging.

Klokka 13.41 melder politiet at dei har avslutta på staden.

Bilføraren, ein 31 år gammal mann, er tatt med til legesjekk i Florø. Det blir oppretta politisak på hendinga, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Artikkeltags