Vegarbeid fleire stader på riksveg 5 gjer at du må bu deg på noko venting

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Vegvesenet melder onsdag morgon om manuell dirigering gjennom Naustdalstunnelen på grunn av vedlikehald. Dette gjeld frå onsdag klokka 07.00 til torsdag klokka 22.00. Ventetid er rekna til kring 15 minutt.

I tillegg til dette er Osstrupen bru no totalstengd for alle køyretøy. Dette gjeld veke 46 og 47, og det kan hende den er stengt i veke 48 også.

Det har også vore, og er framleis arbeid som går føre seg ved Sundafjelltunnelen mellom klokka 07.00 og 19.00. Og så er det lysregulering på grunn av vedlikehaldsarbeid ved Leversund, også på riksveg 5.

Artikkeltags