Sju bilar avskilta i kontroll onsdag

TRAFIKK: Statens Vegvesen kontrollerte 238 køyretøy på tre stader onsdag.

DEL

Det var i Førde, på Langeland og på Kjelkenes at Vegvesenet stod denne gongen. Til saman 238 køyretøy var innom kontrollstadane, og 46 av dei vart sjekka nærare. Det resulterte i at 14 fekk påtalt manglar skriftleg: Ti på lys, to på dekk, ein på underkøyringshinder og ein på oljelekkasje. Heile sju måtte finne seg i avskilting - for tre av dei gjekk det på lastsikring, ein på oljelekkasje, ein på dekk og for to på overlast.

Ein førar fekk munnleg åtvaring på køyre- og kviletida og vart send til bedriftskontroll.

To køyretøy vart vegde til å vere for tunge og fekk overlastgebyr på 2450 og 3800 kr.

Eit køyretøy mangla bombrikke og fekk eit gebyr på 8000 kr.

Fire fekk gebyr på manglande dokument, og to fekk gebyr på utslitne dekk.

Artikkeltags