Seks fekk bruksforbod under kontroll i Førde

Av
DEL

Seks køyretøy fekk bruksforbod då dei blei hanka inn i tungbilkontroll i Førde onsdag, skriv firda.no. Eitt på merking av bakoverhengande last, eitt på manglande baklys, og ein turbuss på grunn av manglande utfylte dokument. Ein lettmotorsykkel hadde for støyande eksosanlegg og ein annan førar måtte rydde frontruta for pynt før han fekk køyre vidare.

Eit køyretøy hadde tyngre hengar enn bilen kunne dra, og føraren måtte parkere hengaren. Han vart også meld til politiet for manglande førarrett då tilhengaren var for tung etter førarkortet.

Tre køyretøy fekk i tillegg skriftleg manglar på lys og ein annan fekk munnleg åtvaring rundt køyre- og kviletida og blei send til bedriftskontroll.

Det vart også skrive eit gebyr på dekk.

Det melde Statens vegvesen natt til torsdag. Kontrollen blei gjennomført onsdag kveld og natt til torsdag. Totalt 129 køyretøy var innom kontrollplassen.

Artikkeltags