Kvar fjerde sjåfør fekk køyreforbod

MANGE ULUKKER: Trass i rekordhøge tal på ulukker med tyngre køyretøy her i fylket i vinter, verkar det ikkje som om transportnæringa tek innover seg problema - i alle fall ikkje om ein ser på kva Statens vegvesen sine kontrollar avdekkjer.

MANGE ULUKKER: Trass i rekordhøge tal på ulukker med tyngre køyretøy her i fylket i vinter, verkar det ikkje som om transportnæringa tek innover seg problema - i alle fall ikkje om ein ser på kva Statens vegvesen sine kontrollar avdekkjer. Foto:

FLORØ: Trass i krevjande køyreforhold, så slurvar transportbransjen stadig med sitt eige utstyr og eigne rutinar.

DEL

Det er vanskelege køyreforhold for tida. Det hindrar tydelegvis ikkje transportfirma å sende vogntog ut på vegane i ein tilstand der dei heller burde stått parkert.

Torsdag gjennomførte Statens vegvesen ein kontroll på Lefdal i Nordfjord og nok ein gong var resultatet nedslåande:

Av 14 tungtransport-køyretøy som blei kontrollert, blei det nedlagt bruksforbod/avskilting på tre av dei.

Totalt blei det utferdiga seks gebyr for køyring med utslitne dekk, og fem av førarane fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletidsregelverket.

To av yrkessjåførane måtte også rydde frontruta si før dei fekk køyre vidare, viser rapporten frå Statens vegvesen.

Artikkeltags