Forsøkte å stikke av frå kontroll

KALVÅG/SVELGEN: Ein førar forsøkte å stikke av då Statens Vegvesen hadde køyretøykontroll torsdag.

DEL

Vegvesenet var til stades i Svelgen og Kalvåg torsdag og kontrollerte til saman 24 køyretøy, pluss bilbeltebruk.

I kontrollen avdekka dei fire køyretøy som fekk mangellapp, og ein førar fekk bruksforbod grunna manglande EU-kontroll. Ein førar vert meld for å ha unndrege seg kontroll ved å stikke av, og ein vart pålagd å skifte førarkort, då det han hadde var uleseleg. Ein førar måtte også sikre lasta si betre før han fekk køyre vidare.

Artikkeltags