Sju-åtte vogntog stod fast ved Magnhildskartunnelen

Vogntoget som starta å byggje opp køar er no fjerna av bilbergar.

DEL

(FIRDA.NO)Det vart torsdag føremiddag meldt om store problem på begge sider av Magnhildskartunnelen på fv. 614.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde at 7–8 vogntog stod fast grunna glatt føre.

Ein strøbil frå Vegtrafikksentalen var då i området, og politiet var på veg.

Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest, Nina Heggernes, fortalde til Firda det skal var ekstremt glatt vegbane i området.

– Strøbil har allereie vore i området to gonger, og er no på veg for å strø for tredje gong. Likevel er det såpeglatt, sa trafikkoperatøren like over klokka 10.00.

Dei vanskelege køyreforholda gjorde også at arbeidet som går føre seg ved tunnelen vart stoppa.

Klokka 12.55 kom meldinga om at vegen var opna att for fri ferdsel.

– Bilbergar har henta vogntoget som stod fast, seier Heggernes ved Vegtrafikksentralen.

Artikkeltags