Opnar Rv5 etter bilbrann i tunnel i natt

Ein lastebil tok fyr i opninga av Fodnestunnelen, og Riksveveg 5 har vore stengd i heile natt.

DEL

Klokka halv sju kunne Rv 5 ved Fodnestunnelen opne for trafikk igjen, etter sløkking og oppryddingsarbeid.

Like over midnatt kom meldinga om at det brann i ein lastebil som stod ved utgangen av tunnelen på Fodnessida. Lastebilen hadde ifølgje politiet ulikt stykkgods i lasta, samt fiskefôr.

Det har vore jobba med sløkking og opprydding gjennom natta, og det var ein god del røykutvikling i samband med ulukka. Sjåføren (19) skal vere uskadd, men var innom Sentralsjukehuset i Førde for ein sjekk.

Artikkeltags