Bil av vegen på Rv5 ved Naustdalstunnelen

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er ikkje meldt om personskadar.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder like over klokka 20.00 om at ein bil har køyrt av vegen på rv. 5.

På Twitter skriv dei at ulykka skal ha skjedd nord for Naustdalstunnelen, men sida den tunnelen går frå vest til aust måtte vi ta ein telefon til operasjonssentralen for å få ein litt meir presis posisjon. Operasjonssentralen fann då ikkje noko tunnel på kartet i det heile, men seier at ulykka skal ha skjedd i nærleiken av Svarthumlevatnet. Då er vi altså på vestsida av tunnelen.

Det er ikkje meldt om personskade, melder politiet.

To personar var i bilen som køyrde av vegen, melder AMK ved Helse Førde til Firda.

Artikkeltags