Buss køyrde inn i ras på Strynefjellet - vegen stengd

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ved midnatt fredag kveld fekk politiet ei melding frå bussjåføren på Nettbuss-Møreekspressen, som melde om snøskred på rv15. Raset var rundt 1,5 meter høgt og 30-40 m breitt og dekka heile køyrebana. Det venstre framhjulet til bussen stod i raset og det var 30 passasjerar i bussen.

Ingen var tekne av raset, og brøytebil og politi kom til staden. Viking vart også send for å hjelpe bussen laus fra snømassane, og det vart raskt meldt at bussen hadde køyrt vekk frå staden. Vegen vart likevel halden stengd natta gjennom, og det skal gjerast ei ny vurdering i dag, laurdag, klokka 11, skriv politiet på Twitter.

Den sist oppdaterte oversikta frå Vegtrafikksentralen over fjellovergangane ser for øvrig slik ut:

Rv7 Hardangervidda - Kolonne

Rv13 Vikafjellet – Stengt, ny vurd. kl 14.

Rv52 Hemsedalsfjell - Kolonne

E16 Filefjell – Åpent, Kolonne på kort varsel

Rv15 Strynefjellet – Stengt

Fv50 Aurland-Hol - Stengt

Fv53 Årdal-Tyin – Stengt

E134 Haukelifjell - Åpent

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken