16 bilistar for harde på gassen

FLORØ: Ei god handfull nordfjordingar hadde det travelt i helga - for travelt.

DEL

Laurdag gjennomførte UP fartskontrollar i midtre og ytre Nordfjord. I Vågsøy var det kontroll på rv. 15 på Totland i Vågsøy. Her fekk seks bilistar forenkla førelegg, og høgaste målte fart var 103 kilometer i timen.

På Eid blei det også målt mange travle bilistar. Her fekk ti personar førelegg for å ha køyrt for fort i 80-sone, og høgaste målte vart var 99 km/t.

Artikkeltags