Bil av vegen ved Grovastøylen

Arkivfoto.

Arkivfoto. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet melder på Twitter at ein bil køyrde av vegen på fv. 614 ved Grovastøylen, like før Nordalsfjordbrua, klokka 18.14.

Det vert meldt at det var ein person i bilen, og at vedkommande er skadd og frakta til sjukehus i Førde.

Operasjonssentralen kan på noverande tidspunkt ikkje seie noko om kva slags skader vedkommande har.

Naudetatane er no på staden, og det er rekvirert bilberging.

Artikkeltags