15 år gammal bilist stogga på Storebru

FLORØ: Åleine, bak rattet på ein bil, blei ein altfor ung bilist stogga av politiet laurdag kveld.

DEL

Han var naturleg nok utan førarkort, og nesten tre år for ung til å køyre, ungdommen som politiet stogga på Riksveg 5 laurdag kveld.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane var 15-åringen åleine i bilen då han blei stogga på Storebru, mellom Eikefjord og Naustdal.

Operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt seier til NRK at ungdommen no må inn til avhøyr og at det blir oppretta sak.

Ikkje uventa måtte 15-åringen late bilen stå, og transport heim var det politiet som besørga.

Artikkeltags