I dag er det fredag den 13. Men det er faktisk ein av dei tryggaste fredagane i året.

Svart katt over vegen er eitt av dei klassiske ulykkesteikna.

Svart katt over vegen er eitt av dei klassiske ulykkesteikna. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Ulykkesrisikoen er faktisk mindre enn du trur.

DEL

I morgon er den her igjen, fredag den 13. Ein dag mange i Norge knyttar til ulykke, medan det er ein lykkedag i Italia. Dei som har angst for fredag den 13. kan likevel ta det med ro.

– Fredag den 13. er faktisk en sikrare dag enn alle andre fredagar i året. Statistikken viser at det skjer færre ulykker fredag den 13. Sjansen for å bli utsett for bilulykker denne fredagen er 12 prosent mindre enn andre fredagar og vi ser same tendens for reiseskadar, brann-, vass- og personskadar, seier Espen Opedal, leiar i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Fredag den 13. er frå gammalt av knytt til mykje overtro, og talet 13 har vore sett på som eit teikn på ulykke. Mange stadar unngår ein framleis å bruke talet 13 i til dømes gatenummer, etasjar, hotellrom og seteradar på fly.

– Overtrua er sterk hos mange, og det skal ein ikkje kimse av. Når det likevel viser seg at fredag den 13. ikkje er ein så stor ulykkesdag som mange har inntrykk av, heng dette truleg saman med at folk er ekstra varsame denne fredagen, at dei tek færre sjansar enn normalt. Folk er bevisst fredag den 13. og tar sine forholdsreglar, seier han.

Fredag verste ulykkesdag

Generelt er fredagar ein ulykkesdag: Det er fleire trafikkulykker, reiseskadar, tjuveri og innbrot på fredagar enn andre dagar i veka.

– Men det har lite med magi og forbannelsar å gjere, men skuldast truleg meir at trafikken og stressnivået er større på fredagar enn andre vekedagar. Folk skal rekke over mykje på ein gong og reiseaktiviteten er langt større enn i resten av veka. Likevel ser vi at fredag den 13. ikkje skil seg ut negativt i ulykkesstatistikken, seier Opedal.

Nordlendingar mest overtruiske

I en undersøking utført av Norstat på oppdrag frå Tryg Forsikring noen år tilbake, kom det fram at meir enn kvar tredje nordmann karakteriserer seg sjølv som overtruisk. Dei mest overtruiske fann ein i Nord-Norge, medan folk i Oslo var dei minst overtruiske.

Undersøkinga viste også at kvinner var betydeleg meir overtruiske enn menn, og at delen overtruiske minkar i alderen 40 år og oppover.

Blant dei som var overtruiske var det mest ulykke knytt til det å passere ein svart katt som kryssa vegen framfor ein, samt å gå under ein stige.

– Eg trur vel at ein trygt kan passere både svarte kattar og stigar i morgon. Skulle det skje noko får ein heller skrive det på kontoen for uflaks. Når så er sagt, også erfarne forsikringsfolk kan vere overtruiske. Det er ingen som bankar så mykje i bordet som oss, smiler Espen Opedal i Tryg Forsikring.

Om tallet 13 og fredag den 13.

  • Det vil alltid vere minst eitt og maksimalt tre tilfelle kvart år der den 13. dagen i månaden hamnar på en fredag. Det er når månaden byrjar på ein søndag at den 13. hamnar på en fredag.
  • Talet 13 har vore sett på som et uheldig tal fordi det er snakk om et usymmetrisk oddetal, i alle fall innanfor dei kulturkretsar som reknar 12 timar dag, 12 timar natt og 12 månader i året.
  • Tradisjonen med fredag den 13. er særleg utbreitt i den vestlege verda og særleg innanfor det engelskspråklege området, men det er ingen ting som tyder på at førestillinga er spesielt gammal. Det finst ikkje sikre holdepunkt for korleis førestillinga eigentleg blei etablert.
  • I Spania og Hellas er det tysdag den 13. som er forbundet med ulykke, medan i Italia er fredag den 13. sett på som en lykkedag.
  • I kristen tradisjon kom fredagen til å bli oppfattet som uheldig fordi Jesus fekk sin død på korset på langfredag. Talet 13 kallast også «djevelens dusin».
  • Det trengst 13 hekser for å halde en skikkeleg heksesabbat.
  • Det er først utover på 1900-talet at fredag den 13. gav seg utslag i slik frykt at enkelte vel å halde seg heime eller vere uvirksomme.
  • Nokre har slik angst for fredag den 13. at de får diagnosen paraskevidekatriaphobia. Dette er nært i slekt med triskaidekaphobia, som inneber angst for talet 13.

Artikkeltags