Naustdaltunnelen opna igjen – har vore stengt to gonger på kort tid

Naustdalstunnelen på riksveg 5 mellom Førde og Florø vart stengt ved to anledningar i dag, men er no opna igjen.

DEL

Klokka 17.00 opplyste vegtrafikksentralen at Naustdalstunnelen vart stengt inntil vidare. Grunnen var to steinar som hadde komme ned i vegbana kring ein kilometer inn på Naustdal-sida av tunnelen.

Først var tunnelen stengt for opprydding i om lag ein halvtime. Så blei den opna klokka 17.40. Klokka 17.50 kom ei ny melding. Tunnelen vart stengt igjen, etter eit nytt steinnedfall.

– Først fekk vi melding om at det hadde falle ned stein om lag ein kilometer inne i tunnelen frå Naustdalsida. Ein bil hadde fått skader i karosseriet, og ein annan hadde punktert, seier trafikkoperatør Ketil Molvær i Statens vegvesen til Firda.

Entreprenør blei sendt inn i tunnelen, og steinane vart fjerna. Deretter opna tunnelen igjen.

– Like etterpå fekk vi nok ei melding. Ein bilist fortalde at det var komme ned småstein frå taket. Dei var ikkje større enn klinkekuler, og hadde falle ned rett framfor bilen. Då valde vi i stenge igjen. Entreprenøren er like ved og skal inn igjen og sjekke. Om det må sjekkast grundigare eller om alt ser greitt ut veit eg derfor ikkje før om litt, seier Molvær klokka 18.00

– Vi har opna igjen, det var små steinar, på størrelse med klinkekuler. Entreprenøren sjekka området, og meiner det ikkje er fare for at meir kjem ned. Skulle det komme meir stein, så må vi få det nærare undersøkt, seier Molvær klokka 18.10.

Artikkeltags