Naustdalstunnelen stengd av stein i vegbana

Tunnelen vart stengd grunna stein i vegbana, men er no open for fri ferdsel.

Tunnelen vart stengd grunna stein i vegbana, men er no open for fri ferdsel. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Rydda og opna igjen etter ein god halvtime.

DEL

Naustdalstunnelen på riksveg 5 mellom Florø og Førde er stengd, melde Vegtrafikksentralen kl. 15.50 onsdag.

– Tunnelen vart stengd for om lag 15 minutt sidan, men det skal vere mannskap i nærleiken som kan få ordna opp. Det er snakk om stein i vegbana, seier vaktoperatør ved VTS i Lærdal, Jan Erikstad, til Firda.

Han fortalde då at det truleg ikkje blir behov for omkøyring, då dei håpte å opne tunnelen igjen raskt.

Klokka 16.30 kom meldinga om at vegen igjen var open for fri ferdsel.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken