Politiet varslar fleire kontrollar på småvegane i fylket

Fartskontroll, illustrasjonsbilete, politiet

Fartskontroll, illustrasjonsbilete, politiet Foto:

TRAFIKK: Ein tre timars kontroll i 60-sona ved Joker-butikken på Kalland i Naustedalen overbeviste politiet om at fleire kontrollar på dei mindre vegane i fylket er naudsynt.

DEL

– Vi var der i dag på grunn av tilbakemeldingar frå folk som seier det vert køyrt fort i 60-sona der, seierpolitioverbetjent Trond Hatlenes, som er trafikkansvarleg i politiet i Sogn og Fjordane til NRK Sogn og Fjordane.

Med "der" meiner Hatlenes 60-sona ved Kalland i Naustedalen. Under ein laserkontroll tysdag kverrsette politiet eitt førarkort og skreiv ut 14 forenkla førelegg. Med tanke på at trafikken i Naustedalen ikkje er den største er dette høge tal. No varskar Hatlenes at politiet i framtida vil ha fleire kontrollar på småvegane i fylket.

– Vi veit at UP er veldig flinke til å halde kontroll på hovudvegane, så vi valde i dag å ha fokus på mindre vegar der det ikkje vert halde trafikkontrollar så veldig ofte. Og med det resultatet vi fekk i dag, så syner det seg at det er all grunn til å halde fram med kontrollar på dei mindre vegane, seier Hatlenes.

Politiet vil gjerne ha tips om andre strekningar der det ofte vert køyrt for fort.

Artikkeltags