Front mot front-ulykke i Gulen-tunnel på E39

Av

GULEN: Naudetatane er på veg til staden.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder torsdag klokka 14.50 om ei front mot front-ulykke i Jernfjelltunnelen på E39, skriv firda.no.

Tunnelen går gjennom Jernfjellet mellom Kringla i Gulen kommune og Hopsdalen i Masfjorden kommune i Hordaland. Kollisjonen skjedde 150 meter inn i tunnelen frå Kringla, fortel operasjonleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy, til Firda. 

Algrøy seier at det var ein person i kvar bil og at begge er bevisste og har kome seg ut av bilane. Brannvesenet er på staden, og det er ikkje fare for brann. Politi og ambulanse er på veg til staden.

Vegentrafikksentralen vest melder at vegen er stengt på staden.

Firda oppdaterer saka.

Artikkeltags