Fekk betinga straff for 126 km/t i 80-sona

DEL

Ein mann i 50-åra trødde i august i år for hardt på gasspedalen i samband med ei forbikøyring på rv 5. Han vart då målt til å køyre i 126 kilometer i timen i 80-sona.

I ein tilståingsdom i tingretten vart han dømd til 15 dagars fengsel med ei prøvetid på to år. Mannen må også betale 12.500 kroner i bot.

Det vanlege er å misse lappen for sju månader etter eit slikt lovbrot, men dersom fartsoverskridinga skjer i samband med ei elles aktsam forbikøyring, kan ein få eit fråtrekk på tjue prosent. Det fann retten var rett å nytte her, og mannen må dermed vere utan førarkort i fem månader.

Artikkeltags