Nokon stal MDG-bilen, men tjuvane kom ikkje langt

RENAULT ZOE: Sett denne bilen?

RENAULT ZOE: Sett denne bilen? Foto:

FLORØ: Etter nokre intense timer med leiting var biltjuven pågripen.

DEL

Det spør MDG-politikaren Odd Bovim. Han sette frå seg den elektriske bilen sin klokka 18.55 i kveld måndag. Ein time seinare var bilen borte. Bilen er av merket Renault Zoe, og har registreringsnummer EV42582, i tillegg til store MDG-klistemerker på sida.

– Om nokon har sett den, vennligst ring 97723396, seier Bovim men legg til at bilen nok ikkje kjem så langt.

– Den var nesten tom for straum då eg sette den frå meg, så den må vere ein stad innan ein radius på 2 mil frå Florø sentrum. Lenger går den ikkje, seier Bovim.

Klokka 21.45 melder politiet på Twitter at bilen blei funnen att klokka 21.00, og at ein person er pågripen i saka og sett i arresten.

Politiet fann bilen parkert utanfor Kiwi i Florø.

– Det var ingen i bilen då, men politiet tok oppstilling og følgde med. Så etter litt tid klarte dei å knytte ein mann til bilen. Han er ein kjenning av politiet og er no arrestert, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt til Firda.

Artikkeltags