Gå til sidens hovedinnhold

Tjuvane gløymde straum- kablane

Artikkelen er over 13 år gammel

Rektor Kåre Myklebust er forundra over tjuvane braut seg inn på Svelgen skule og tok med seg 75 datamaskiner - men gløymde å ta med seg straumtilkoblingane, som ikkje er av standard type.

SVELGEN: Kvifor ikkje snu det til noko positivt? meiner rektor Kåre Myklebust. Etter at skulen blei rundstolen for 75 berbare datamaskiner natt til laurdag, fekk han gleda av å bestille nye måndag morgon.

Då vi var innom lærarrommet på Svelgen skule måndag, var det alt anna enn sure miner. Ute skein haustsola, elevane blei sendt på skuletur, og i mellomtida ordna rektor Kåre Myklebust med at alle skulle få mellombelse maskiner når dei kom att. Den lokale dataeksperten Tore Myklebust stod klar til å ordne med det.

– Tjuvane har kanskje forrekna seg litt. Dei har nemleg gløymt å ta med seg straumtilkoplingane, som ikkje er av standard type. Det er veldig rart, smiler Myklebust.

600 000 kroner

Det var ein lærar som låste seg inn på skulen laurdag som oppdaga at dataskapa var brotne opp, og melde frå til politiet.

Maskinene har til saman ein verdi på over 600.000 kroner. Alle maskinene har nummer og eigarnamn innbrent, noko som truleg vil gjere dei umogelege å omsetje i Norge.

Ein bilist på veg til Svelgen har truleg passert innbrotstjuvane på veg sørover med tjuvgodset. Politiet håper framleis på tips som kan vere med å stoppe desse bilane.

Køyrde i følgje

Bilane vart observerte av ein vogntogsjåfør like ved ferjekaia på Kjelkenes om lag klokka halv tre natt til laurdag,. Dei var på veg sørover, mot Grov.

– Han som tipsa oss la merke til at bilane tydeleg køyrde i følgje, og at begge hadde utanlandske skilt, fortel lensmann Hans Rune Strandos.

Bilane var stasjonsvogner av mellomklassetypen, truleg frå midten av 90-tallet. Den eine var mørk, truleg raud eller svart, og den andre var sølvgrå eller kvit.

– Skilta hadde kvit botn og svarte tal, med bokstavar i forkant og etterkant av tala. No treng vi tips frå fleire som har sett desse bilane, seier Strandos.

Ukjent kvinne

Alle nærliggande politidistrikt er informerte om bilane, som truleg kom langt av garde natt til laurdag.

– Det er for tidleg å spekulere i kva veg dei har teke. Vi hadde ikkje nok opplysningar om bilane til å kunne stoppe dei ved tollovergangane, forklarar Strandos.

Eit anna spor i saka er ein observasjon som ein av lærarane gjorde og meldte frå om for nokre veker sidan. Då skal ei ukjend utanlandsk kvinne ha blitt oppdaga i det området der maskinene blir låste inn om kvelden. Dette var midt på dagen, og kvinna skal ha gått ut med ein gang ho vart tilsnakka.

Flaks

Innbrotstjuvane var heldige som ikkje blei filma av overvakingskamera. Desse har sensorar som gjer at dei startar opptak når det er rørsler i området dei er retta mot.

– Det ser ut til at dei heilt tilfeldig har unngått å aktivere overvakingskamera, forklarer Kåre Myklebust.

Tjuveriet har vore nøye planlagt. Utan å bekymre seg for å bli sett, har tjuvane parkert bilen på baksida av skulen, og fekk bere ut alle datamaskinene i ly av bygget og haustmørket.

Svelgen skule har vore utsett for innbrot fleire gonger, mellom anna i 2005 då det også vart stole datatutstyr.

Ingen gode spor

– Vi har ingen mistanke om at tjuvane hadde kontroll over om overvakingssystemet var i drift eller ikkje, seier lensmann, seier Hans Rune Strandos.

Han fortel at det er kome inn tips om bilane frå heile fylket, men ikkje noko som kan føre dei nærare eit gjennombrot i etterforskinga. Bilane kan ha forvunne over grensa.

– Men at bilane var utanlandske, betyr ikkje nødvendigvis at dei har reist ut av landet no, forklarer han. Saka har høg prioritet i politiet.