Tjukkasgjengen kallar dei seg, dei - til no - over 7000 medlemmene som er ute og går tur. Historia om Jan Ellefsen i Moss som var den som starta det heile då han sjokkert måtte konstatere eit tresifra tal på badevekta etter juleferien, er etterkvart velkjend:

Facebook-basert

Han følte seg i for dårleg form til å jogge, og visste det ville vere vanskeleg å komme seg ut og gå tur åleine. Så han inviterte med kjende på Facebook og talet vaks raskare enn han hadde kunna drøyme om. No har han oppretta over 110 grupper for tjukkasar rundt i heile landet, og etter å ha sett Tjukkasgjengen på God Morgen, Norge, tenkte Laila Schønhardt at dette kunne vere nok å prøve her i Florø og.

– Eg trur nok det er ein del som blir sitjande framfor tv’en med ulike «unnskyldningar» for å ikkje gå ut. Dørstokkmila kan vere tøff, ein tenker at ein ikkje har nokon å gå med, eller kanskje går ein rundt med ei oppfatning av at «ingen er i så dårleg form som eg», seier ho.

– Men er det ikkje nok treningstilbod å velje og vrake i frå før - med treningsstudio, zumba, symjehall og kampsport, berre for å nemne noko?

Gratis moro

– Det kan ein jo sikkert tenke, men slike treningsformer passar ikkje for alle, og dessutan kostar det pengar å gå på zumba og treningssenter, medan dette er heilt gratis, seier Schønhardt. Tanken er at ein skal møtast kvar mandag, onsdag og søndag, og at dei skal bli så mange at dei kan opprette ulike løyper av varierande lengd og vanskegrad.

– Men no til å begynne med, ser vi kven som dukkar opp, og legg turen opp etter det. Eg ser imidlertid for meg at vi godt kan finne på andre ting og - dersom vi til dømes ser at det er meldt ekstra fint vêr, går det jo an å ta båten ut i øyane og gå ein tur der i staden, seier Laila.

Ho innrømmer at nokre har reagert på namnet, men meiner det handlar om sjølvironi, og støttar seg på gründer Ellefsen i Moss sin definisjon av ein tjukkas:

– Ein tjukkas er ikkje nødvendigvis tjukk. Men det er ein person med godt humør, som har lyst å vere aktiv saman med andre for å komme i betre form - og kanskje få enno betre humør. Målet er frå tjukkas til kjekkas, smiler ho.