Tiltalt for å la sonen køyre firmaets lastebilar utan førarkort

DEL

Ein mann er i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for å la den vaksne sonen sin køyre firmaet sine lastebilar, trass i at han visste eller burde vite at han ikkje hadde gyldig førarkort. Sonen er nyleg dømd for seks alvorlege trafikklovbrot. Mellom anna køyrde han gjennom Strandgata, opp Stadionbakken i høg fart og gjorde to forbikøyringar. Då han kom i Stadionbakken køyrde han inn i ein annan bil. Men i staden for å stoppe, valde han heller å køyre vidare.

Artikkeltags