Tiltalt for å ha forfølgt ei kvinne

DEL

Ein mann i 30-åra er i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for å ha forfølgt ei kvinne, og for å ha brote besøksforbodet overfor henne gjentekne gonger.

Over ein periode skal han ifølge tiltalen gang på gang ha tatt kontakt med – og forsøkt å komme i kontakt med – kvinna, både ved å sende ho meldingar, legge ut bilde av ho på sosiale medier, og ved å oppsøke ho på jobb og utanfor heimen hennar. Det trass i at ho hadde gitt beskjed om at ho ikkje var interessert i kontakt.

Han skal også ha oppsøkt kvinna heime hos ho same dag som han vart pålagt besøksforbod. Han skal også ha oppsøkt ho to gonger medan ho var på byen. Siste gongen han oppsøkte ho på byen, vart han stoppa av politiet. Under ransakinga fann dei marihuana på mannen. Mannen vart deretter sendt heim av politiet, men kort tid etter trefte patruljen han ein annan stad i byen. Han er dermed tiltalt for oppbevaring av narkotika og for ikkje å rette seg etter politiet sine pålegg i tillegg til dei andre tiltalane.

Artikkeltags