Mannen i 20-åra køyrde frå politiet i 150 km/t under biljakt

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann i 20-åra står i Sogn og Fjordane tingrett tiltalt for ei rekke tilfelle av aktlaus køyring. I sommar, på strekninga mellom Naustdalstunnelen til Grov, køyrde han i svært høg fart og gjorde fleire farlege forbikøyringar.Ved Grov skal han han køyrd forbi personbilar i svært uoversiktlege svingar.

Han skal også ha filma speedometeret medan han køyrde, og sende bilder på snapchat som viste at han køyrde i 150 km/t og i 200 km/t. Då politiet la seg på hjul for å stoppe mannen, køyrde han frå dei med ein fart på minst 150 km/t.

Mannen hadde ikkje gyldig førarkort då dette skjedde. Bilen han køyrde var heller ikkje registrert, i staden hadde han brukt andre bilskilt på denne bilen.

Artikkeltags