Gjekk berserk under pågripinga. No er han tiltalt for truslar og vald mot politiet.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann i 40-åra er tiltalt for å ha truga og forsøkt å bruke vald mot ein offentleg tenestemann.

Då mannen vart teken hand om av fleire politibetjentar ein gong i fjor, sa han gjentekne gonger til dei at han skulle hugse ansikta deira, og at «dei skulle få igjen for dette». Han prøvte også å spytte mot politibetjentane. Fleire gonger prøvte han også bite dei.

Inne i politibilen sa han fleire gonger til eine politibetjenten at «han skulle hugse han, finne han på fritida, knuse han og ta han».

Noko liknande skjedde vel ein månad etterpå, då mannen vart teken hand om av politiet. Då kalla han den arresterande tenestemannen for ei «fitte».

To månader seinare vart mannen teken med fem gram hasj i heimen.

Artikkeltags