Tilrår ny ordning for legetenesta

Artikkelen er over 16 år gammel

BREMANGER: Med 5 røyster mot 1 gjekk levekårsutvalet i Bremanger tysdag inn for å omorganisere legetenesta i kommunen. I praksis betyr det ei satsing på legekontora i Svelgen og på Hauge, og at legekontoret og helsestasjonen på Davik blir lagt ned.

DEL

Etter omorganiseringa skal legekontora i Svelgen og på Hauge ha to faste legar kvar, det vil også bli sett som krav at legane som jobbar i Svelgen, bur i Svelgen-området, og at dei to som har arbeidsplassen sin på Hauge, bur i ytre Bremanger. Det vil bli organisert daglegevakt på begge stader, slik at pasientar som treng legehjelp utanom timelista, kan kome raskare til utan lange reiseavstandar. Legevakta på kvelds- og nattetid blir som før, med legevaktkontor både i Svelgen, på Davik og på Hauge.

Større effektivitet

– Sjølv om vi legg ned Davik som vanleg legekontor, er det viktig at vi framleis kan oppretthalde legevaktkontoret der, det vil spare reisetid både for pasientar og legar, seier kommunelege I, Kan Shanker.

Han legg til at personleg likar han ikkje å måtte legge ned legekontoret på Davik, som har ope to dagar i veka, men som kommunelege må han legge fram løysingar til beste for alle pasientane i kommunen.

– Pasientar frå Davik og Ålfoten må no reise til Svelgen når dei skal til lege, frå Rugsund-området blir det meir naturleg å køyre til Hauge, og på sikt trur eg dette er ei ordning alle vil tene på. Legetenesta vil bli meir effektiv, samstundes som vi kan spare inn på driftskostnadene, meiner Shanker.

Rett tidspunkt

Dersom vedtaket i levekårsutvalet får støtte i kommunestyret i slutten av april, kan omorganiseringa iverksetjast frå 1.juni.

– Skal vi gjere endringar i legetenesta, er dette det rette tidspunktet å gjere det på. Ein av dei faste legane våre sluttar på denne tida, og etterfølgjaren hans, ein nederlandsk lege, kjem først på plass til 1.august, fortel kommunelege Shanker.

Artikkeltags