Gå til sidens hovedinnhold

Tilrår 3, 5 mill. til Ausevik

Artikkelen er over 12 år gammel

Løyvingane til Vestnorsk Bergkunstsenter i Ausevik ser ut til å ordne seg.

Fylkesdirektøren rår til at det blir løyvd 3,5 millionar kroner til byggesteg 1 av Vestnorsk Bergkunstsenter i Ausevika i Florø.

I si tilråding til fylkesutvalet for kultur, skriv fylkesdirektøren at det er naturleg å støtte byggesteg 1 uavhengig av korleis den vidare utforminga av bygga på senteret blir. Han viser at sjølve feltet er godt og publikumsvennleg tilrettelagt, men at det er viktig no å få til veg, gangvegar, stiar og parkeringsplassar.

- Dette vil heve kvaliteten på Ausevik som tilrettelagt helleristningslokalitet, skriv sakshandsamar Eva Moberg.

Kultursjef Edvin Helgheim er nøgd med utviklinga i saka.

- No manglar vi berre fylkesmannen si godkjenning for å komme i gang, seier han.