Gå til sidens hovedinnhold

Til Shetland med utstilling

Artikkelen er over 11 år gammel

MS Haugefisk og representantar frå Kystmuseet skal til Shetland og delta med utstilling på sommarfestival.

Måndag morgon kastar MS Haugefisk loss frå kai i Florø, med kurs for Shetland.

- Vi skal delta på sommarfestivalen Johnsmas Foy i Lerwick frå 24. til 28. juni. Med oss har vi ei utstilling om pigghåfisket ved Shetland, kalla "Longlining for dogfish", og ein presentasjon av Kystmuseet, fortel konservator Bjørn Fjellheim.

- Vi blir 14 deltakarar på den vekeslange turen, fire frå museet, resten frå miljøet rundt Haugefisk i Bremanger, fortel han.

Utstillinga blei montert i seksjonar på Kystmuseet fredag føremiddag.

Den 105 fot lange MS Haugefisk er ein førstegenerasjons shelterdekka autolinebåt som er kondemnert og verna av Kystmuseet.

- Meir info finn ein på våre heimesider www.kyst.museum.no . Desse nettsidene vil vi oppdatere dagleg i neste veke med foto og annan informasjon frå festivalen, fortel Fjellheim.