– SU Florø har sett konfirmasjonsundervisninga som kampsak framover, fortel Even Eide Onstad (16), nestleiar i organisasjonen.

Borgarleg syn

–Vi stiller oss bak Human-Etisk Forbund når dei melder saka til Fylkesmannen, forklarar han.

Partiet meiner at når den borgarlege konfirmasjonsundervisninga kan leggjast til kveldstid burde den kristne undervisninga kunne gjere det same.

Dei har alle konfirmert seg borgarleg og erfarte at skuletida ikkje vart nytta på ein effektiv måte.

– Alle har same moglegheit til å ha kveldsundervisning. Ein kan tilpasse tidspunkta slik at det passar seg øyingane sine båtruter, meiner dei.

Prosessen

Dei fire SU-arane ønskjer hovudsakleg å kritisere prosessen.

– Vi er klar over at kommunen har hatt høyringar med foreldre og elevar. Men inntrykket er at fleirtalet av dei spurde skal konfirmerast kristeleg. Vi meiner det blir feil å avgjere saka utifrå deira subjektive meiningar, forklarar nestleiaren på vegner av ungdommane.

SU likar ikkje at minoritetane vert overkøyrde av lokaldemokratiet:

– Det er urettvist. Konfirmasjon er ei privat sak og er ikkje noko som burde stele undervisningstid. Det fører til at nokon elevar sit att på skulen utan noko å gjere, forklarar nestleiar i SU Sogn og Fjordane Ola Ulltveit-Moe (15).

No håpar SU-ungdommen at Fylkesmannen vil ordne opp i saka.

–Vi håper fylkesmannen ikkje vil vere populistisk, men at dei vil bruke ekstra ressursar på å setje seg inn i alle sidene av saka, avsluttar nestleiar Onstad.