Mot slutten av niande klasse vart det bestemt at Polen skulle vere reisemålet, og klassa begynte allereie då å samle inn pengar. 17 av 18 elevar i klassa reiser med Aktive Fredsreiser i slutten av april, og mykje har blitt gjort for å spare opp nok til den åtte dagar lange turen.

Mykje arbeid

– Vi har hatt mange stands der vi har selt kaker og sånn, men vi har òg hatt større prosjekt som å lage årshefte for STIF. Dessutan skal vi samle inn vegstikker no snart, fortel Helene Heimtun (16), som er ei av dei tre jentene som har hatt hovudansvaret i klassa. Beate Leirvik (15), som saman med Linn Hennøy (15) dannar resten av planleggingsgruppa for turen, fortel at dei også har søkt og fått støtte frå fleire av lokalbedriftene.

– Ja, og i tillegg til mykje anna har vi òg tent på å selje to bøker om konsentrasjonsleirar som Aktive Fredsreiser gjev ut, skyt Linn inn.

Alt gjort på fritida

All planlegging og utføring av arbeid har blitt gjort på fritida, og klassekontaktane har saman med ansvarsgruppa jobba mykje, både med å finne arbeid, og med å få klassa til å utføre det saman. Mange har ofte mykje anna dei heller vil gjere på fritida, og det har ikkje alltid vore like lett å få klassa med på å gjere alt.

– Nokre gongar har vi måtta piske dei opp litt, men vi har jo klart å tene opp til heile turen, så det er ingen grunn til å klage, smiler Beate.

Sterke opplevingar

Turen skal gå med Kielferja frå Oslo, og framme i Kiel går ferda vidare til Polen. Dei skal også innom Berlin før turen går tilbake til heimlandet.

– Eg gruar meg litt til å sjå konsentrasjonsleirane og resten som har med korleis krigsfangar vart behandla, det kjem nok til å gjere inntrykk, seier Helene.

– Eg trur nok det vil vekke mange ulike reaksjonar hos kvar enkelt, meiner Beate, og ho trur sjølv også at det vil verte ei sterk oppleving. Men sjølv om ein slik tur hovudsakleg går ut på å besøke kulturrelaterte monument frå krigen, vert det nok også tid til litt andre ting. – Vi skal få gjere oss litt kjende i gatene vi besøker, så då blir det sjølvsagt tid til litt shopping også, smiler Linn fornøgd. Verken ho eller Beate har spara særleg til lommepengar på eiga hand.

– Men vi satsar på dei snille foreldra våre, ler begge to.