Gå til sidens hovedinnhold

Ti lokale til UM

Artikkelen er over 13 år gammel

Denne helga reiser åtte deltakarar frå Florø og to frå Svelgen til Ungdomsmeisterskapen i friidrett i Drammen.

Frå Florø Turn- og Idrettsforening deltek Jørgen Bjørkedal, Jonas Andre Brandsøy, Gunnvor Leikanger Feidje, Yngve Grøneng Havn, Synne Våge Jagedal, Øyvind Kjerpeset, Kim Leirvik og Steinar Kleppe.

Frå Svelgen TIF deltek Daniel Hessvik Holm og Pål Valberg under Ungdomsmeisterskapen (UM) i Drammenshallen denne helga.

Hessvik Holm skal konkurrere i kule og stav Gutar 15, Valberg i lengde, stav og 100 m i klassen Gutar 15.

- Her er mange medaljekandidatar i troppen frå fylket, og det blir spennande å følgje årets meisterskap. Det er forholdvis mange 15- åringar med, og for dei er det første nasjonale meisterskapen dei deltek i. Fleire av desse vil kunne vere med å kjempe om finaleplassar og medaljer utifrå det dei presterte sist sesong, seier Narve Heggheim, dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins.