Terje festa med kongeparet

I OPERAEN: Trine Lerum Hjellhaug (adm. dir. i Lerum AS), Terje André Rognsø (trenar Florø Fotball), og Jenny Ellaug Følling (fylkesordførar) representerte Sogn og Fjordane under feiringa av kongeparets 80-årsdagar i operaen i Oslo.

I OPERAEN: Trine Lerum Hjellhaug (adm. dir. i Lerum AS), Terje André Rognsø (trenar Florø Fotball), og Jenny Ellaug Følling (fylkesordførar) representerte Sogn og Fjordane under feiringa av kongeparets 80-årsdagar i operaen i Oslo. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Det var ei veldig stor ære å bli invitert, og det var veldig kjekt å vere til stades. Eg reknar med at dette er noko eg berre får oppleve éin gong i livet, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

DEL

Saman med Trine Lerum Hjellhaug, som er administrerande direktør i Lerum AS, og fylkesordførar Jenny Følling var Rognsø invitert til operaen i Oslo for å vere med på feiringa av kongeparets 80-årsdag.

– Då eg fekk invitasjonen for fleire månader sidan, trudde eg det var snakk om eit meir lokalt arrangement i operaen på Nordfjordeid. Eg må innrømme at eg vart litt overraska då alvoret gjekk opp for meg, og at eg skulle mingle med mellom anna prinsesser, prinsar og diplomatar frå heile Europa, fortel Rognsø som omtalar seg sjølv som tilhengar av monarkiet. Det skriv Firda.

Ikkje A4-kropp

– Korleis opplevde du festkvelden?

– Som sagt; det var veldig triveleg – men det var krav om smoking, og det antrekket er ikkje heilt mi greie. Eg prøvde å få leige eit antrekk for kvelden, men sidan eg ikkje har ein «A4»-kropp vart eg nøydd til å kjøpe ein skreddarsydd som passa meg.

Trass i at slike formelle festar osar av stil, etikette, protokoll og tradisjon, var stemninga lett og folkeleg, fortel Rognsø.

– Vi tre frå Sogn og Fjordane sat ved same bord som mellom andre Jonas Gahr Støre, Sven Mollekleiv, Bent Høie, ei europeisk prinsesse og den britiske ambassadøren. Det var god stemning, praten gjekk lett, og eg snakka nok mest om næringsliv.

Og sjølv om Rognsø er tydleg på at han ikkje er glad i lange middagar og talar, så reknar han med at dette blir noko han får oppleve berre éin gong i livet.

– Det er ei ære for meg å bli invitert som trenar for fotballklubben og som representant for Florø, avsluttar Rognsø.

Eit eventyr

– Eg har aldri vore i eit så celebert selskap. Det var rett og slett eit eventyr, og ei utruleg kjekk oppleving med svært høg kjendisfaktor, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Om lag 300 personar var inviterte til feiringa av kongeparets 80-årsdagar, og gjestane skulle ifølgje Følling representere eit tverrsnitt av folket.

– Eg var invitert som fylkesordførar, Rognsø som fotballtrenar og Lerum som administrerande direktør og representant for næringslivet. Eg veit ikkje om det berre var éin av kvart «slag» som var invitert, men eg såg i alle høve ikkje andre fylkesordførarar.

– Kva gjorde sterkast inntrykk på deg?

– Det var både sterkt og gripande då Kongen og Dronninga fortalde om liva sine og den mangeårige kampen for å få aksept for kjærleiken sin. Det er òg noko å reflektere over at dei set viktige folkelege aktivitetar høgt; Kongen mellom anna som tidlegare idrettsmann, og Dronninga med si sterke friluftsinteresse. Det var fint å oppleve på nært hald at vi har eit folkeleg kongepar som set pris på folket sitt.

Artikkeltags