Terje må konkurrere med drosjesjåfør og proff arbeidssøkar

Terje Heggheim.

Terje Heggheim. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Måndag 16. oktober gjekk søknadsfristen på stillinga ut, og i dag vart søkarlista offentleggjort.

DEL

Det har komme inn tre søkarar på stillinga som prosjektrådmann i nye Kinn kommune.

Flora-rådmann Terje Heggheim  (53) har søkt, og han har fått konkurranse frå ein drosjesjåfør frå Rogaland og ein kjend jobbsøkar frå Oslo.

Daniel Dyakov (32), frå Rogaland, har søkt jobben. På Linkedin er han registrert som arbeidsledig drosjesjåfør, mens i søkarlista står han oppført med "stilling: fast".

Den siste søkaren, Thorbjørn Gaarder (62), Chief credit officer frå Oslo, har vore i media sitt søkelys fleire gonger. Dette fordi han har søkt på jobbar som administrerande direktør i Forskningsrådet, administrasjonssjef i nye Follo kommune, leiar i Norsk journalistlag sitt sekretariat,  generalsekretær i Presseforbundet, finansdirektør, helsetopp, skattedirektør og politimeister i Oslo.

– Eg vil berre ha ny jobb eg. Men eg er nok for gammal, har han tidlegare uttalt til Dagbladet om kvifor han ikkje får jobbane han søker på.

Les også: Fekk ikkje fleirtal for rådmann på åremål

– Tilsetting på neste møte

– No er søkarlista klar, og då vil rekrutteringsselskapet Headvisor gå i gang med ein gjennomgang av dei ulike kandidatane, seier leiar i fellesnemnda for Kinn kommune, Kristin Maurstad.

Fellesnemnda hyra tidlegare i haust inn Headvisor for å finne ein prosjektrådmann. Planen er å tilsette i neste møte i fellesnemnda, 31. oktober.

Saman med Jan Henrik Nygård og to tillitsvalde utgjer ho tilsettingsutvalet i denne saka, som skal tilrå ein kandidat til fellesnemnda. 

Les også: Rådmannsstillinga blir lyst ut

Hadde de håpa på fleire søkarar?

– No har Headvisor gjort eit arbeid, og vi fekk dei søkarane vi fekk. Det er ikkje alltid så stor pågang av søkarar til denne typen jobbar, seier Maurstad.

– Det er ikkje så mykje meir å seie. Lista er sendt ut, og vi held dei fastsette tidsfristane for tilsettinga, legg ho til. 

Søkarane

Daniel Dyakov (32), frå Rogaland

Thorbjørn Gaarder (62), Chief credit officer, Oslo

Terje Heggheim (53), rådmann, Florø

Les også: Rådmannsstillinga blir lyst ut

  Fekk ikkje fleirtal for rådmann på åremål

Eit klokt, men kostbart vedtak 

Artikkeltags