Rekrutteringsutvalet vil ha Heggheim

Artikkelen er over 1 år gammel

Kan bli tilsett på tysdag.

DEL

Søkarlista tatt i betraktning kjem det ikkje som nokon stor overrasking, men no er det offisielt. Rekrutteringsutvalet for Kinn kommune rår fellesnemnda til å tilsette Flora-rådmann Terje Heggheim.

– Eit samla rekrutteringsutval vil tilrå at Terje Heggheim får tilbod om stillinga som prosjektrådmann, melder rekrutteringsutvalet fredag.

I rekrutteringsutvalet sit Kristin Maurstad (Ap) frå Vågsøy, og Jan Henrik Nygård (V) frå Flora, samt ein tillitsvald frå kvar av kommunane. Dei møtte Heggheim i Florø i torsdag. Dei to andre søkarane vart ikkje rekna for å vere kvalifiserte, og rekrutteringsutvalet såg difor ikkje nokon grunn til å kalle dei inn til noko intervju.

I si tilråding til Fellesnemnda skriv rekrutteringsutvalet dette:

Terje Heggheim er fødd 04.05.1964, sambuar, har 1 barn og er busett i Florø. Han har utdanning frå forsvaret, ferdig med krigsskulen i 1989. Vidare har han tilleggsutdanning frå Tromsø lærarhøgskule (administrasjon og leiing), Styrekompetanse I og II frå BI, og han har gjennomført deler av mastergradsstudie i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.

I perioden 1989 til 1994 hadde han ulike stillingar i forsvaret. Då han blei tilsett i Flora kommune i 1995 som personalsjef, kom han frå stilling som økonomisjef for Distriktskommando Vestlandet. I 2004 blei han tilsett i stilling som kommunalsjef i Flora. I mellomtida hadde han og vore 1 år i Kosovo for NATO.

Terje Heggheim blei konstituert som rådmann i Flora i september 2008 og fast tilsett i stillinga i april 2009.

Artikkeltags