Gå til sidens hovedinnhold

Tenning av julegata i Svelgen

Artikkelen er over 17 år gammel

SVELGEN: Stiv kuling og ausande regn er ikkje akkurat det som set folk i julestemning. Men laurdag vart julegata i Svelgen tradisjonen tru tent av skulemusikken.

Dei gjorde sitt for at folk skulle gløyme ver og vind og glede seg over adventstida vi no går inn i.

Kvart år i så mange år vi kan hugse er det Svelgen Skulemusikk som har stått for tenning av julegata i bygda. Dette vert gjort laurdag i første adventshelga, og skulemusikken har tilhøyrande julekafé med basar. Og svelgarane svikta ikkje, dei trassa veret og møtte mannsterke opp på julekafeen som opna kl 1130. Der var det sal av kaffi og kaker, og sjølvsagt graut med mandel i. I tillegg selde dei lodd og årar, og delte ut mange fine premiar. Klokka 14 vart alle oppfordra til å gå ut, og sjølv om alle stilte seg under tak, vart julegrana tent til vakre tonar frå skulemusikken. Etter eit par julesongar var det til og med nokre modige menneske som trassa vind og regn, og gjekk rundt juletreet. Ute i regnet kom også nokre smånissar som delte ut julegodteri til borna som var møtte fram. Svelgen Skulemusikk heldt fram med sitt flotte spel inne på samfunnshuset, og adventstida er i gang i Svelgen òg.