Under fredagens Temposeminar i Florø, vart Tibber kåra til Årets Gründer 2018 i Sogn og Fjordane. Det skriv Firda.
Bedrifta var også finalist i 2016, men vart då slegne på målstreken og kom på ein andreplass. I år vart gründerprisen deira, og med det 100.000 kroner til vidareutvikling.
– Eg hadde faktisk litt sommarfuglar i magen då eg sat i salen før utdelinga. Dette er ei stor anerkjenning for oss, og denne prisen er ein pris til heile teamet vårt. Vi hadde aldri vore her i dag, og oppnådd det vi har klart utan alle timane kvar enkelt i teamet har lagt ned, seier dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes, i ei pressemelding.
Tibber er ein app som handlar straum når prisane er lågast. Appen kan også koplast opp mot målarar og sensorar i heimen, for å redusere straumforbruket. Målet er å fjerne mellomledda mellom kunde og produsent.
Dei to andre finalistane i år var Fjordpanel som kom på 2. plass, og Norse Feedback kom på 3. plass. Desse bedriftene fekk med seg høvesvis 60.000 kroner og 40.000 kroner.
Joachim kjempar om tittelen som årets gründer og 100.000 kroner. – Kjempekjekt
Tibber presenterte «pulsklokke» til huset: Folk stod på venteliste for å komme inn
Daniel (31) og Tine (29) flytta til Førde utan å ha sett byen før
Meiner å ha knekt ein kode for å revolusjonere energibransjen