Tar tempen på gründerviljen

Betre som menneske: Temposeminaret-leiar Per Øyvind Helle har som mål å gi folk foredrag som gjer dei til betre menneske både i næringslivet og privatlivet. Foto: Heidi Hattestein

Betre som menneske: Temposeminaret-leiar Per Øyvind Helle har som mål å gi folk foredrag som gjer dei til betre menneske både i næringslivet og privatlivet. Foto: Heidi Hattestein

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er i nedgangstider folk tar saka i eigne hender og skapar nye arbeidsplassar.

DEL

Det seier Tempo-general Per Øyvind Helle; Posen blant kjende.

– Temposeminaret har i år ekstra fokus på innovasjon. Det heng saman med nedgangstidene vi er inne i, seier han.

Både nasjonalt og lokalt opplever bankane og Innovasjon Norge ekstra stor pågang av folk som ønsker støtte eller lån for å starte opp for seg sjølve.

– Nedgang er ikkje berre negativt. Det er i slike tider folk viser endringsvilje, seier Helle.

Ein suksess i 15 år

Temposeminaret feirar 15-årsjubileum i år. Oppskrifta er like enkel som den er genial.

– Vi har mennesket i sentrum, og mennesket går aldri ut på dato. Det er svært annleis og betre å møte folk ansikt til ansikt i ein sal, enn å sjå dei på TV, seier Helle om suksessoppskrifta.

«Fire foredrag som gjer oss betre som menneske, både i næringslivet og i privatlivet.» Det er det noko svulstige målet. Av og til må ein få lov å tenke i store bokstavar.

– Vi er ute etter ei todeling, seier han. Vi ønsker folk med spesielle historier. Og så ønsker vi dei som har, kva skal eg seie, fagleg tyngde på det som gjeld den menneskelege softwaren.

Normalhemma folk

Det er fire føredragshaldarar.

– Apropos software, seier Helle og held fram:

– Anna Kirah kjem frå Microsoft si software-avdeling. Ho skal snakke om det ho kallar menneskeleg sentrert innovasjon, noko som er interessant med tanke på fylkets utfordringar.

Det store trekkplasteret må seiast å vere Thorvald Stoltenberg i samtale med Oddvar Stenstrøm. Men det Helle gler seg aller mest til, er Pär Johansson.

– Han er slik ein leiar skal vere, tenker eg. Det handlar om rausheit. På Glada Hudik-teateret får Johansson menneske med forskjellige bakgrunnar til å fungere saman, funksjonshemma og normalhemma som han kallar det.

Jubileum eller ei, Helle slår ikkje spesielt på stortromma når det gjeld Tempokvelden. Også festen er laga etter god, velprøvd oppskrift. Det blir middag på Bar og Restaurant Kysten, med innlagt underhaldning.

– Og alle veit at der Herodes Falsk og Tom Mathisen er saman, der blir det lått og løye, slår han fast.

I tillegg kjem Arvid Andenæs frå Sparebanken for å presentere finalistane til Årets Gründer-pris.

Både han og finalistane kan du lese meir om på dei neste sidene.

Artikkeltags