Det vart klart under årsmøtet for Kystvegen Bergen-Ålesund i Ålesund onsdag.
– Eg trong ikkje tenkje meg om for å takke ja. Det er nemleg eit ekstremt interessant arbeide.
Det sa Solheim-Olsen like etter at han vart valt. Han tek formelt over for tidlegare florøordførar Bente Frøyen Steindal (Ap). Florø har med det fornya sin posisjon som sterk pådrivar for kystvegprosjektet.
– Den største utfordringa blir å få fortgang i arbeidet med 45-minuttsregionen, der det allereie er stifta eit bompengeselskap. Kystvegen skal også vere ein pådrivar for ei kryssing av ytre delen av Sognefjorden, seier Solheim-Olsen med understrekar:
– Men det som blir viktigast å få i gang lokalt er arbeidet med eit konkret prosjekt som tek føre seg korleis vi kan komme oss sørover mot Askvoll og dei andre kommunane i Hafs-regionen, presiserer Solheim-Olsen.