Tek ryddejobben


UTSTYRET: Utstyret frå steinproduksjonen står der framleis. No lovar Ole Petter Dahl i Stadt Sjøtransport at dei skal rydde opp som ein del av oppgjeret for 120 mål landareal på Havrøyna.

UTSTYRET: Utstyret frå steinproduksjonen står der framleis. No lovar Ole Petter Dahl i Stadt Sjøtransport at dei skal rydde opp som ein del av oppgjeret for 120 mål landareal på Havrøyna.

Av
Artikkelen er over 7 år gammel

Taubåtselskapet Stadt Sjøtransport vil no rydde opp i eitt av dei store industriforsøplingsområda i Florø

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Med faste mellomrom har Firdaposten dei siste femten åra skrive om frustrasjonane til folk i Flora som har prøvd å få eigarane til å ordne opp etter den fallerte bergverksdrifta på Havrøyna.

Men no har Stad Sjøtransport kjøpt ein tredel av øya og nett den delen der det vart drive steinbrot på anortositt.

– Vi har kjøpt heile det planerte anleggsområdet på 20 mål med kaier og gamle maskiner, pluss 100 mål til på Havrøyna. Vi skal bruke hausten til å rydde opp etter steinbrotet.

Området har vi tenkt å utvikle og planere ut for å kunne lagre eige utstyr. I tillegg har vi tankar om å tilby lagerplass til andre firma, fortel dagleg leiar Ole Petter Dahl i taubåtselskapet.

Stadt Sjøtransport har alt tinga leige av ei svær kran som skal brukast til å ta ned det gamle, utrangerte utstyret.

Artikkeltags